Hopp til innhold

Opphevar bompengeforliket: Kan koste milliardar for bilistane

Noregs fire største byar kan få 3,7 milliardar ekstra til å betre kollektivtilbodet. Bompengane kan auke tilsvarande mykje.

Bomstasjon på Ring 2 ny versjon

FJERNAR BOMPENGEKRAV: Regjeringa har oppheva Solberg-regjeringas bompengeavtale. Det kan bety slutt på reduserte bompengeprisar i storbyane.

Foto: Heidi Fjørtoft Klokk / NRK

Kommunane i og rundt Oslo, Bergen, Stavanger og Trondheim har såkalla byvekstavtaler med staten. Forenkla sagt sikrar dette statleg finansiering av lokale kollektivtiltak i perioden fram til 2029.

Til gjengjeld må kommunane oppnå nullvekst i biltrafikken.

For perioden 2023–2029 kan dei fire byområda sikre seg til saman 525 millionar kroner meir årleg til kollektivsatsing frå staten enn dei har i dag. Totalt blir det tett opp mot 3,7 milliardar kroner i løpet av perioden.

Det viser tal Samferdselsdepartementet har samanstilt for NRK.

«Bompengeopprøret»

Bakgrunnen for ekstramidlane desse byområda nå får, er «bompengeopprøret» som dominerte kommunevalet i 2019. Det nystarta partiet Folkeaksjonen nei til meir bompengar (FNB) fossa fram og snudde maktforholda opp ned, særleg i bergensområdet.

Bompengefokuset i valkampen førte til store spenningar mellom regjeringspartia Høgre, Framstegspartiet og Venstre. Det enda med at dei inngjekk eit bompengeforlik.

Forliket innebar at det statlege bidraget i byvekstavtalene vart auka frå 50 til 66 prosent. Men føresetnaden var at halvparten av dei 16 ekstra prosentane, måtte brukast til å redusera bompengetakstane lokalt.

Rushtrafikk i bomringen

Dagens regjering opphevar den førre regjeringas krav om kutt i bompengetakstane.

Foto: Heidi Fjørtoft Klokk / NRK

Opphevar Solbergs forlik

Etter regjeringsskiftet i fjor blei dette endra. I april kom det fram at regjeringa ville oppheve Solberg-regjeringas bompengeavtale. Bidraget frå staten skulle framleis vere 66 prosent, men koplinga til bompengar blei fjerna.

Bybanen langs bryggen

Den største kollektivutbygginga i Bergen dei neste åra er bybanetraséen frå sentrum, via Bryggen, nordover til Åsane bydel.

Illustrasjon: Michael Kloos planning and heritage consultancy

Byrådet i Bergen tolkar dette som at dei lokale bompengetakstane kan aukast.

Byutviklingsbyråd Thor Haakon Bakke (MDG) har sagt til BT at dersom bompengeforliket blir reversert, vil takstane kunne gå tilbake til nivået dei var før 2020.

Kan auke bompengetakstane

Til no har det ikkje kome fram kva opphevinga av krava vil bety i faktiske midlar til kollektivtiltak i dei fire byområda.

På spørsmål frå NRK har Samferdselsdepartementet laga denne oppstillinga:

Mogleg omdisponering til betre kollektivtilbod

Årleg gjennomsnitt

Totalt åra 2023-2029

Oslo-området

297

2.081

Bergen-området

57

402

Trondheim-området

30

208

Nord-Jæren*

141

986

SUM

525

3.677

Beløp i millionar kroner (2022-verdi). * Tal for Nord-Jæren inkl. 53 mill. kr/år i kompensasjon for fjerning av rushtidsavgift.

Dei neste sju åra vil Oslo, Bergen, Stavanger og Trondheim til saman kunne omdisponere 3.7 milliardar kroner. Desse pengane var sett av til å redusere bompengar. No kan dei heller gå til tiltak for betre kollektivtransport.

Kva er det som avgjer om dette medfører bompengeauke?

– Dersom lokale styremakter ønsker å endre bruken av tilskotsmidlane, må det behandlast lokalpolitisk, skriv departementet til NRK.

Etter at lokalpolitikarane har gjort vedtak om dette, legg departementet opp til at endringa blir nedfelt i tidlegare inngåtte byvekstavtaler.

Endringa gjer at lokale styremakter vil få større fridom til å justere bompengetakstane. Men det må vurderast i kvar enkelt sak om lokale endringar i bompengeopplegget vil krevje nytt framlegg for Stortinget.

Vi arbeider med å få på plass detaljane i dette. Endringane kan gjelde frå 2023, men dette vil avhenge av framdrifta lokalt, ifølge departementet.

Anleggsarbeid Fornebubanen

Med kostnadsproblema for bygginga av Fornebubanen (biletet) og Oslopakke 3 har kommunen og fylket nekta å kutta bompengetakstane.

Foto: Nicolas Tourrent

«Oslo-krangelen»

Oslo og Viken har i lengre tid «krangla» med departementet om å sleppe å redusere bompengetakstane, slik bompengeforliket kravde.

I samband med milliardsprekken på Fornebubanen og finansieringsproblema for Oslopakke 3, har dei i praksis sett vekk frå kravet om kutt i bompengane.

Departementet skriv at dei er kjent med at Oslo og Viken nyleg har vedtatt å bruke heile dette tilskotet til å betre kollektivtransport.