Hopp til innhold

Vedum gir ikkje bensinrabatt i sommar

Bilferien i sommar kan koste 30 kroner literen, men Vedum vil ikkje kutte i drivstoffavgiftene. Økonom meiner Senterparti-politikaren dermed særleg rammar bilistane i distrikta.

Pressekonferanse om revidert nasjonalbudsjett 2022. Trygve Slagsvold Vedum.

IKKJE BILLIGARE BILFERIE: Finansminister Trygve Slagsvold Vedum vil ikkje bidra til lågare bensinpris i sommar.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Mange vart letta då finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) i mars sa at han og regjeringa ville «ta grep» dersom den høge bensinprisen heldt fram. Då hadde prisen bikka 26 kroner.

Tre månadar seinare kryp literprisen stadig oppover og nærmar seg 30 kroner. Men avgiftskutt på drivstoff ikkje er aktuelt for Vedum.

– Det ligg ikkje nokon endringar i drivstoffavgiftene i vårt skatte- og avgiftsopplegg nå. Men til hausten kjem vi til å sjå på skatte- og avgiftsgrep og lage nytt budsjett for neste år, seier han til NRK.

– For tre månadar sidan sa du «Vi kan ikkje ha slike prisar over tid.» Kva meinte du?

– Vi er veldig opptatt av at summen av ting kan vere krevjande for mange. Det er viktig med grep som hjelper folk som tener 400.-600.000 kroner. Folk med vanlege inntekter må oppleve at skattar og avgifter går ned.

– Men meinte du då bensinavgifta?

– Vi har snakka om mange ting, til dømes pendlarfrådrag. Men dei store prisutslaga skuldast internasjonale energiprisar, ikkje drivstoffavgifta. Derfor må regjeringa sjå på andre skatte- og avgiftsgrep som vi kan gjere.

– Dersom bensinprisen går over 30 kroner vil de gjere noko då?

Det spørsmålet svarar Vedum ikkje på, for rådgjevaren hans bryt han av.

Les også Fylkestopper krever lavere drivstoffpriser- Vedum nekter

Jon Askeland

Økonom: – Dette rammar landsbygda

At regjeringa ikkje vil redusere drivstoffavgifta, meiner NHH-professor Frode Steen aukar den økonomiske ulikheita mellom folk som bur i byar og dei som bur i distrikta.

– Det er nokre omfordelingseffektar som er viktige her. Dei som har elbil bur ofte i byane og køyrer kortare. Medan dei som har flest fossilbilar bur «på landsbygda» og køyrer lenger. Dermed er kostnadane større for dei, seier økonomiprofessoren.

Frode Steen. professor NHH.

OVERRASKA: Professor Frode Steen ved Norges handelshøyskole meiner det særleg rammar bilistar i distrikta at Senterpartiets finansminister ikkje vil gi redusert bensinavgift.

Foto: Sindre Øye Helgheim / NRK

Steen meiner resultatet blir svekka kjøpekraft for folk utanfor byane.

– Bensin- og dieselprisen rammar meir på landsbygda. Dersom regjeringa ønsker at dei skal få endå mindre kjøpekraft enn dei i byane, er det i alle fall veldig effektivt.

På toppen viser han til at straumstøtta frå regjeringa allereie er ei form for drivstoffstøtte il elbileigarar som ladar heime.

Elbileigarane får dobbelt: Subsidiert bilkjøp og straumstøtte til lading.

Frode Steen, NHH

– Det er mange gode grunnar til at me alle blir beskytta mot høge straumprisar. Men det betyr jo at elbileigarane får dobbelt. Dei fekk kraftige subsidiar då dei kjøpte bilen, og får nå indirekte hjelp ved at deira drivstoff blir billigare i forhold til dei som køyrer fossilt. Det interessante spørsmålet er då kven som bur kvar, seier Steen.

– Kvifor støttar de folk som ladar bilen heime, og ikkje folk som er avhengige av å fylle tanken på ein stasjon i distriktet, Vedum?

– Fordi oppvarming og lys i huset er ein veldig stor andel av kostnadane til folk. Dette og renter er blant dei største kostnadane. Derfor er vi veldig opptatte av å ikkje gjere grep som får renta til å gå for fort opp.

– Statsbudsjettet er på 1550 milliardar kroner. Vil drivstoffstøtte til folk i distrikta velte lasset?

– Det er ikkje det handlar om, men summen av alle tiltak. Renta slår så utruleg hardt ut. Dersom ein brukar meir av alt utan å finansiere det, blir det meir press, seier Vedum.

Sverige kutta drivstoffavgifta

Finansministeren vil heller prioritere skattelette til alle. Medan Steen på NHH seier skattelette ikkje vil løyse fordelingsproblemet.

– Det gir berre alle litt meir å rutte med. Det aukar jo berre inntekta for alle like mykje.

Svenske styremakter kutta 1. mai drivstoffavgifta med 1,30 kr per liter, og andre land har gjort noko liknande.

– Det er overraskande mange land – som ikkje har oljeinntekter slik som Noreg – som har valt å gjere noko med avgiftsnivået. Den norske staten tar inn store pengar på dagens høge oljepris, men gjer lite og ingenting med avgiftene, seier Steen.

– Han bør på banen

– Bensinprisen i Noreg er svært høg. Det går jo utover alt anna for oss som køyrer bil.

Det seier Pål Bergby. På veg heim til Noreg fyller han drivstoff på ein bensinstasjon i Tanum på svensk side av grensa.

Pål Bergby

– SJÅ TIL SVERIGE: Pål Bergby fyller tanken før han kryssar norskegrensa. I Sverige har styremaktene redusert drivstoffavgifta.

Foto: NRK

Han har ikkje gløymd Vedums lovnad i mars. Den tolka han som at drivstoffavgiftene skulle ned.

– Det var jo det Vedum lova, men han har ikkje gjort noko. Han bør på banen og ordne opp.

Bergby reknar med at det kan ta tid.

– Noreg pleier å komme ti år etter Sverige uansett kva det gjeld.

AKTUELT NÅ