Ruben Sandvoll drog opp den 8,7 kilo tunge spisskata 4. juli i Norheimsund.

Spiss fangst på kroken

Ruben Sandvoll fiska eigentleg etter lysing saman med faren, Roar Sandvoll, då noko heilt anna beit på kroken.

– Eg var rimeleg sikker på at det anten var ein veldig stor lysing eller ei godt vaksen lange då eg kjende at det var noko større enn normalt, fortel Ruben.

Då det var ti meter att å sveiva, byrja fisken å dra. Han sumde nedover medan snøret følgde kontrollert etter.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er enormt viktig å ha bremsen korrekt innstilt når ein skal få opp ein slik fisk. Er bremsen for stram, ryk snøret, og fisken forsvinn, fortel Ruben.

Roar tenkte at det måtte vera ei kveite då fisken byrja symja nedover og gav Ruben råd om å ta det roleg. Ruben lét fisken symja fritt nedover med stramt snøre til han roa seg, før han byrja sveiva inn att. Då fekk han fisken til topps.

– Det første eg tenkte då eg såg han, var: «Ver så snill å ikkje falla av no. Deg skal eg ha eit flott bilete saman med», seier Ruben.

Spisskata vart med heile vegen opp i båten, og Ruben fekk det ønskte biletet.

Delikatessevinger

Den biletvenlege fisken var ei spisskate på 8,7 kilo. Spisskata er ein skateart som er kjenneteikna av ein spiss og lang snute.

– Eg vart veldig glad då eg såg kva det var. Spisskata er langt meir sjeldan å få på kroken, seier Ruben.

Spisskata er ikkje den fyrste skata Ruben har hanka inn. Som ung dreiv han aktivt med fiske. Frå han var 12 til 18 var han medlem av Stavanger Deep Sea Fishing Club, som faren framleis er leiar for. Ruben og Roar deltok i løpet av åra på ei rekke fiskefestivalar i heile Noreg. I 2007 deltok dei på europameisterskapen i Weymouth i England. Der fekk dei fleire skater på kroken.

Spisskata frå Norheimsund var likevel den fyrste han har fiska i Noreg, to veker etter han på nytt melde seg inn i fiskeklubben att.

Etter at fangsten var dokumentert på bilete, vart den middag for familien Sandvoll. Skatevinger skal vera ei delikatesse, fortel Ruben. Sjølv innrømmer han at han framleis likar både lysing og lange betre.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Konsistensen var heilt annleis og litt spesiell. Men det var veldig spanande å smaka.

Spisskatevingene vart sløgde av Roar Sandvoll og etne til middag på hytta på Valland.

Spanande fiskefjord

Hardangerfjorden passar godt for fiskeinteresserte, synest Ruben.

– Hardangerfjorden er ein djup fjord. Som i alle andre norske fjordar finst det mykje ulik fisk, både store, små, sjeldne og vanlege. Det er det som gjer det så fantastisk spanande å fiska i fjorden. Ein veit aldri kva ein kan få på kroken, seier han.

Ruben er frå Tananger, men har røter i Kvam. Oldefar hans, Hans Sandvoll, var skulestyrar på Framnes både før, under og etter krigen. No eig far til Ruben ei hytte på Valland, der familien er ofte.

– Det er ein nydeleg stad der me stortrivst både sommar og vinter. No står det berre att å sjå kor mange år det vil ta før storkveita bit på. Kanskje er det son vår, Philip, som får den ein gong? seier Ruben.

Den tyngste spisskata som er fiska i Noreg, er 16 kilo. – Det er eit stykke opp til noregsrekorden, men det er framleis ei stor og flott skate, seier Ruben om spisskata på 8,7 kilo.