Tidspunktet for iverksetjing av Domstolsreforma nærmar seg. For tingrettane skjer det allereie 26. april og for jordskifterettane 12. juni. Høgsterettsdommar h.v. Karl Arne Utgård tilbakeviser resultata i utgreiingar innhenta frå DA og Dommerforeningen for overtalige domstolsleiarar sitt grunnlovsvern og for embetsdommarar sitt forflytningsvern . Han syner korleis advokat Borgerud og BAHR sine standpunkt ikkje har grunnlag i rettskjeldene. Dette gjer han i utgreiing av 7. april i år, som er skriven på oppdrag frå NTL.

Utgård slår fast at både domstolleiarar og dommarar er uavsetjelege embetsmenn. Han slår vidare fast at det ikkje er rettskjeldemessig grunnlag for å skilje den dømmande delen frå leiardelen i eit domstolleiarembete, og at det er den samla embetet som har grunnlovsvern. Konklusjonen er at dersom det ikkje vert inngått individuelle avtalar med overtalige domstolsleiarar kan dei krevje å verte fristilt (entlediga). Det betyr at dei har  krav på løn og andre embetsgode utan arbeidsplikt. Høgsterettsdommar Utgård sitt syn samsvarar med det LO juridisk har kome fram til i si utgreiing av temaet.

Den berande utgreiinga for førre store domstolsreform vart utarbeidd av professor Henning Jakhelln og vart etterlevd i rammeavtalen som vart inngått mellom DA og Juristforbundet (Dommerforeningen) i 2003 for handteringa av overtalige domstolsleiarar sin situasjon. Prinsippa den byggjer på har vorte fylgt opp av Domstoladministrasjonen ved seinare endringar i domstolstrukturen og er etablert praksis for domstolane. Domstolleiarar som har bedt om det har blitt fristilt og dei som har ynskt å halde fram med redusert arbeidsplikt har fått lov til det. Vidare held Utgård fram at grunnlovsvernet til dommarar og domstolleiarar eit offentlegrettsleg vern. Det er såleis ikkje mogleg for den enkelte dommar/domstolleiar å avtale seg vekk i frå dette ved utnemninga. Heller ikkje gjennom arbeidsavtalar inngått etter utnemning.

Betydninga av embetsvernet

Embetsvernet skal sikre at staten korkje direkte eller indirekte kan påverke dei avgjerdene domstolane tek. Det er det viktigaste formelle vernet for domstolane og dommarane sin uavhengighet. Måten Domstolreforma vert gjennomført på, vil vere eit viktig signal til alle domstolleiarar og dommarar om uavhengigheten er reell eller berre noko ein trekkjer fram i festtalar eller når ein vil støtte domstolar andre stader i Europa.

Dersom dei ovartalige domstolleiarane må godta å bli degradert til ei rein dommarstilling under leiing av ny domstolleiar, vil det vere eit nytt angrep på domstolleiarane og dermed på domstolane sin uavhengighet. Det vil vere det første steget mot at staten kostnadsfritt kan endre og peike ut nye domstolleiarar som innordnar seg politiske signal, medan domstolleiarar som er uavhengige og deltek i det offentlege ordskiftet har risiko for å verte degradert. DA og Justis- og Beredskapsdepartementet set til side grunnlovsvernet for å få gjennomført reforma når dei krev at overtalige domstolleiarar har plikt til å arbeide som vanlege dommarar under ny domstolleiar i dei nye/samanslåtte domstolane. Vidare set dei til side forflytningsvernet  når dei legg til grunn at embetsdommarane har plikt til å reise mellom rettsstader i heile den nye rettskrinsen for å avvikle saker. Kjernen i domstolane i uavhengigheit står i fare ved at reforma vert gjennomført på denne måten.

Regjeringa har hatt hastverk både med å få vedtatt Domstolsreforma og med få gjennomført henne At regjeringa ynskjer å fråvike tidlegare rettsoppfatning og fast og langvarig forvaltningspraksis når dei no skal gjennomføre ei ny domstolsreform er vanskeleg å skjøne og akseptere. Norske styresmakter og dommarar kan ikkje med truverd protestere mot det domstolar og dommarar vert utsett for i Polen, Ungarn og Tyrkia, om dei går på akkord med embetsvernet her heime. Den praksisen som vert etablert no, vil også danne retning for framtidige norske domstolsreformer.

Synet til NTL

Synet til NTL er at embeta til dei domstolleiarane som ikkje har blitt leiarar for dei nye/samanslåtte domstolane fell bort når domstolsreforma trer i kraft. Dei vil då ha krav på å behalde tittel, løn og andre embetsgode. Dersom det ikkje vert inngått nye arbeidsavtalar – noko dei aller fleste ynskjer – vil dei ikkje ha arbeidsplikt. For embetsdommarane ser NTL det slik at verknaden av Domstolsreforma vil måtte avgjerast konkret for kvar einskild; Regjeringa har i rimeleg grad høve til å gjere endringar, både i embetsdistrikt og forretningskrets (arbeidsoppgåver). For einskilde kan likevel endringane verte så omfattande at dei kan motsetje seg dei. For å unngå at kvar einskild embetsdommar fortløpande må protestere mot urimelege endringar, bør DA gjere avtale med embetsdommarar om reising, kontorstad, kompensasjon m.v.

Domstolane si uavhengigheit er viktig for NTL og NTL er difor ikkje villeg til å gå på akkord med  embetsvernet. Vi  forhandlar med Domstoladministrasjonen om gode løysingar for våre domstolleiar- og dommarmedlemmer. Prinsipp vert det derimot ikkje forhandla om. Det er mogeleg å finne gode løysingar som ivaretek omsynet til begge partar, utan å tilsidesetje embetsvernet.