Biblioteka i små kommunar – igjen

Denne fekk i 2018 prisen «Norges vakreste bok», så få fekk med seg at ho skildrar kor dårlege mange små bibliotek er. Klikk og kikk.

Eit ofte tilbakevendande tema i bibliotekfaglege og -politiske debattar og dokument er dei store skilnadane på bibliotektilbodet i små og store kommunar. Blant anna i Elin Golten si avhandling om problema med «debattbiblioteket» kjem dette tydeleg i dagen. Og med utgangspunkt i bibliotekstatistikken har vi skrive om følgjene av at majoriteten av kommunane har berre to årsverk eller mindre og at 89 (2019) hadde berre null komma noko årsverk å rutte med. – Kan det bli bibliotek av slikt?

Her om dagen kom NOU 2023: 9 med tittelen «Generalistkommunesystemet— Likt ansvar – ulike forutsetninger». Biblioteket er nemnt nokre gongar. Blant anna kan vi lese om ei spørjeundersøking som viser at «Når det gjelder fastlege, legevakt, brannvesen og folkebibliotek er innbyggerne mer fornøyde jo større kommunen er». Og mellom desse fire er skilnadane størst når det gjeld bibliotek; frå at ca. 58 prosent er nøgde i kommunar under 5000 innbyggjarar til 73 prosent i dei med 110 000 eller fleire.

NOU-utvalet skulle vurdere alternativ til generalistkommunestystemet for å utjamne slike skilnadar. Men dei konkluderer med at «generalistkommuneprinsippet videreføres. Utvalget vil derfor ikke anbefale oppgavedifferensiering… » og heller «ikke å flytte oppgaveansvar bort fra alle kommuner over til fylkeskommunene eller staten».

Men om tiltaka er det ulike meiningar i utvalet. Fleirtalet går inn for større kommunar for «å løse utfordringene med mangel på kapasitet og kompetanse». Dette fleirtalet vil «oppmuntre og legge til rette for lokale sammenslåinger, og bidra til en framtidsrettet kommunestruktur». Utvalet meiner samtidig at «det bør føres en aktiv politikk for interkommunalt samarbeid», blant anna «mer veiledning» og meir «interkommunalt samarbeid i faste konstellasjoner». Og det heiter at «mange kommuner særlig bør samarbeide mer på planområdet, for eksempel gjennom etablering av interkommunale plankontor».

Meir orka vi ikkje å lese no. Og elles når det gjeld NOUar, har kanskje tida gått frå dei … Og alt ved lanseringa har kommunalministeren «skote ned» hovudkonklusjonen

Leave a Reply