Alvorleg NRK-krenking av bibliotekarstanden?

Her i nabogarden til Stay Behind i Cort Adelers gate hadde faktisk salige Riksbibliotektjenesten kontor i alle år.

Hovudoppslaget på Nrk.no i kveld handlar om ei ny bok om det paramilitære Stay Behind-systemet i Noreg etter 2. verdskrigen: «Avslører det ingen skulle vite».

Men den første feite mellomtittelen er faktisk «Agenter som minner om bibliotekarer» (!)

Jøss, dét var litt av ei fjør i hatten!

Men vi les vidare. Det er den eine av forfattarane av boka, ein pensjonert oberstløytnant, som blir sitert her:

«… han ble overrasket over typene han har truffet. – Jeg hadde ventet meg store, sterke karer, men slik var det sjelden. Mange av dem var ganske unnselige, og minnet meg mer om bibliotekarer enn motstandskrigere. Det er slike personligheter som fungerer best. Stillfarne folk som ikke har behov for å stikke seg fram. Men de må ha kalde hoder, sterk psyke og være i god form».

Korleis bør bibliotekarstanden stille seg til dette?! Kalde hovud og sterk psyke blir liksom ikkje hovudinntrykket du sit igjen med.

Men etter å ha opplevd det siste året kor unnselege og stillfarne dei aller fleste bibliotekarar og bibliotekorganisasjonar i ut- og innland har vore i striden rundt den internasjonale bibliotekorganisasjonen IFLA, er det liten grunn til å kjenne seg krenka.

Unntaka er leinga ved Stockholms stadsbibliotek, eit tysk bibliotekarforbund, Svensk biblioteksförening, tre bibliotektidsskrift; eitt tysk, eitt svensk og eitt fransk, pluss eitt norsk med ein notis, og ein psevdonym bloggar. Og nokre av dei trakasserte tilsette ved IFLA HQ. Og denne bloggen (vi kan ha gløymt nokre).

PS Det finst likevel Barske Bibliotekarar. Her på bloggen har vi p.t. 22 artiklar om slike. Og vi har fem artiklar om Bibliotekarstereotypien, medrekna denne.

2 kommentarer om “Alvorleg NRK-krenking av bibliotekarstanden?

Leave a Reply