Lillestrøm til ettertanke

Det er ikkje ofte at Morgenbladet sin arkitektur- og byutviklingsjournalist Gaute Brochmann skriv om nye bibliotek. Det siste, før i dag, må ha vore om biblioteket i Nord-Odal for to år sidan. Men i dag, altså, handlar det om Lillestrøms nye bibliotekbygg med kulturskole og meir.

Saka hans på nettet har overskrifta: I dette biblioteket er bøkene nedprioritert. Men det tyder likevel ikkje at han sluttar seg til kollega Bernhard Ellefsen sitt årelange korstog mot all kassering av bibliotekbøker. Mistanken om at nettdesken har spelt ei rolle her, blir styrkt når vi opnar papirutgåva og der finn tittelen «Biblioteksjefen som byutvikler».

Og Brochmann tar atterhald med eit «kanskje» når han svinger innom temaet boklesing: «Lillestrøms nye bibliotek er nemlig et hus som inviterer til alle former for aktivitet. Kanskje med unntak av den tradisjonelle bruken. Altså det å sitte i fullkommen stillhet å lese en bok». Han har snakka med biblioteksjef Sølvi Tellefsen om dette og ser ut til å kunne leve med dei moderne lillestrømløysingane, så lenge arkitekturen fungerer.

Tellefsen kjem med eit signal vi ikkje har støtt på før. Ho vil «i all hovedsak ikke … ha titler som er eldre enn tre år i hyllene». Har dette blitt god tone på bibliotekfaglege konferansar? Utanom dagsorden? For underteikna slutta å gå på slikt for snart ti år sidan, men får alltid med seg programpunkta.

Gaute Brochmann skriv mest om …

… arkitekturen og korleis han fungerer i eit samfunn som Lillestrøm; «Et trafikkert veikryss kranset av en brokete bebyggelse» (sitert av underteikna med ein viss fryd, oppvaksen som han er på Strømmen, no redusert til ein bydel i L. kommune). 

Men lokala fungerer godt. Materialvalet og interiøret får meir enn godkjend omtale. Men då vi var der før jul gjekk folk inn på den flotte parketten med skarp strøsingel under skoa. Korleis vil golvet sjå ut når våren kjem, ein gong? Mange vil hugse den første, avslørande våren i Tromsø bibliotek.

Eitt spesielt trekk er dei to breie høgdene med vertikal, grøn «eng», som faktisk er ekte. Kanskje til og med biodynamisk. Trappa opp til mesaninen er ikkje for dominerande, meiner Brochmann. Men breidda gjer at ho også kan brukast som sitjeplass, kan vi leggje til. Saman med dei mange andre varierte sitjemøblane. Han skriv at «Det er god plass, uten at det føles åpent og tomt. Akustikken er bra. Delingen mellom ulike avdelinger virker smart løst».

Til slutt ei formulering til ettertanke. Det følgjande har vi heller ikkje støtt på før: Brochmann skriv nemleg om biblioteksjefen på Lillestrøm at ho er «en drivende kraft i trenden med å aktivt bruke biblioteket til identitetsskapende samfunnsbygging». Om ho har sagt det, eller han tenkjer det, er ikkje heilt klart. Men det trer fram for meg som eit lite paradoks to dagar etter å ha høyrt Linn Stalsberg under 8. marsarrangementet i Moss, der ho snakka om motseiinga mellom notidas identitetsstrev (jf. flaumen av sjølvhjelpsbøker, coachar og influensarar) og nettopp samfunnsbygging (kollektivisme, solidaritet – og behovet for systemendring). Go hælj!

Leave a Reply